Bokashi
Hei!
Eg(Mariann) har i ein del år drive med bokashi når det gjeld matavfallet vårt. Les gjerne meir om bokashi,- metoden og prinsippet på bokashinorge si heimeside 🌸
Eg har to bøtter og det går som regel greit med sirkulasjonen,- det tek ca 14 dagar før eg kan tømme ei bøtte etter at den har stått full og fermentert. Med kun to i husholdningen bruker eg som oftast meir enn 14 dagar på å fylle ei bøtte. På våren eller sein haust grev eg som regel ned ein del av den ferdige bokashien i pallekarmane mine. Men når det er frost eller eg alt har gitt alle ein skikkelig næringsboost så bruker eg ei tønne som står i drivhuset.
Her ser dykk litt bilder frå gårsdagens tømming. Litt jord først i tønna så lagvis bokashi +jord som blandas godt saman og avslutter med jord.
Prosessen for å få dette omdanna til jord vil ta lang tid med låge temperaturar men det skjer når det skjer. Det kan godt vere at eg bruker av dette før det er blitt jord og får det ned i pallekarmane når der har tint opp.
Bokashi kan iallefall anbefalast på det varmaste🌸🌸🌸
-Mariann