Vintersåing på Vestlandet

Bjoa i Rogaland fylke på Vestlandet. H2

Lørdag 11. februar blei ein fantastisk dag her på Vestlandet og i Heksehagen. Etter nokre dagar med særdeles mykje vær så var det velkomment med ein dag med litt smak av vår... Så planen vart å gjere pallekarmane klare for vintersåing og kanskje få litt grønsaksfrø i jorda. Me kjem tilbake til vintersåing av stauder. Ved å så frøa på denne tida blir det for det første litt mindre å gjere nå den heftige våronna kjem. Frøa ligg klare i jorda og vil begynne å spire når temperatur i jorda er der. Dei vil då nesten alltid spire tidlegare enn det tidspunktet du ellers ville tenkt å begynne å så rett i jorda.

Eg har vore heldig med denne måten å så på, men skulle det komme ein lang periode med veldig mildvær og så ein heftig frostperiode kan ein risikere at spirer frys. Men som sagt vil det helst gå bra. Om ein legg på fiberduk så vil også det beskytte spirene. Ikkje alle frø egner seg men veldig mange: sukkererter , sommergulrøtter, ulike salater, spinat, neper, rotpersille, mange urter og kålsorter. Lurer du, Google. Enda ein fordel ved vintersåing er jo at plantene då blir ferdig herda .

Pallekarmane må kvart år få tilskudd av ny næringsrik jord . Jorda har også sunket ein del og då er det gull å ha ein kompost å hente jord frå! Klart litt meir arbeid enn å kjøpe ferdige sekker, men dei fleste inneheld jo også mykje torv og den treng me helst i myrane til å binde CO2.. Eg soller jorda først, for når eg kaster i komposten så er det ikkje alltid eg er så nøye på om det følger leca, stein og div rusk og rask med. Det er stort sett berre til pallekarmar og utepotter at eg gidd solle jorda. Eg har to bøtter og sorterer stein / leca i ei som blir brukt om att til drenering i utepottene mine og ei med div planterester som går videre til kompostering. Roter godt i jorda slik at nytt og gamalt blander slik. Eg lager bokashia av matavfallet mitt og spar gjerne ned ei bøtte pr pallekarm på hausten, bruker også tare og div hageavfall. Prøver også å skifte litt på kva eg dyrker i dei enkelte karm.


For å unngå besøk av kattar eller overivrige hundar så legg eg kompostgrinder oppå nå mens det er nysådd. 

Det vart ein flott dag og er godt fornøgd med resultatet . Fekk sådd ein god del og skal fortsetje med det seinare. Pallekarmen med jordbærplanter og den med jordskokk blir eit lite prosjekt for seg. Ha ein god kveld!

-Mariann