Heksehagen
Hei! Eg heiter Mariann Hettervik og bur på Bjoa ca. 5 mil nordøst for Haugesund. Her er herdighetssona rundt H2. Blomster og hage er den store hobbyen min og det er ikkje få timar eg bruker saman med frø, spadar, ugras, blomster og busker, drivhus, jord, potter, nye og gamle prosjekt! Det er ingenting som gir meg større sjelero.
Den gamle og store hortensiaen som kjem med godt over 100 blomster. Margerittene er henta frå barndomsheimen min og trives godt på Bjoa.
Lilla cobaea. Desse kjem med blomster her og, men det er ikkje like varmt her som på Østlandet.
Den herlige blodbegerplanten som kosar seg i solveggen. Dei heng i ampel.
Det er fantastisk å kunne glede seg over alt som veks og gror rundt ein og du som les dette er mest sannsynleg i same "båt" som meg og forstår akkurat kva eg meiner! Me er utruleg heldige som har ein slik givande hobby og det er veldig kjekt å kunne dele denne interessa med så mange likesinna.
Liljer i full blomst.
Etasjeblomsten
Georginene står i potter her. Sneglane er dessverre glad i desse.
Eg har etterkvart fått meir og meir sansen for å så både stauder og sommarblomster sjølv frå frø og synest det er spanande å gå på "frøjakt". Kvar haust samlar eg inn ein del ulike frø som både eg og dotter mi sår året etter.
Georgine
Den fantastisk store syrinhortensiaen. Denne stortrivs og er vel nokre meter nå.
Det kjem oppdateringar her frå meg undervegs korleis det går med såinga, bygging av nytt drivhus og ikkje minst blomstringa i hagen. Det er kjekt om du har lyst å følge med!
- Mariann
Her er det både georginer, tagetes, lobelia, petunia og hjertegras i potter.