Vårreingjering
Hei fra Vestlandet!
I forrige veke var det endelig ein dag med plussgrader og sol. Eg innsåg at vask av det gamle «skrangledrivhuset» mitt kunne vere smart å få gjort ettersom minusgrader og snø var meldt framover.
Det er alltid ei oppgåve som eg kvir meg litt til for eg veit det tek si tid og ender med å bli klissvåt og kald. Men i år brukte eg høgtrykkspylar,- ein liten hendig sak som ikkje er så kraftig og passer perfekt til oppgåva.
Det samlar seg alltid mest «guffe» i skjøytane på glasa og dette funka godt også der. Har fått på plass kalk og gjødsel til ulike formål. Eg bruker også bokashi men kjem tilbake til det i eit eige blogginnlegg.
Litt ryddigare og reinare, jobbeplassen er klar og nokre av kassane eg skal så i eg klare med leca og jord. Eg gøymer alltid på leca frå år til år og med bruk av kongler i tillegg er det ikkje så veldig mykje eg må supplere med til drenering kvar sesong.
Her skal eg så ringblomst,erteblomster, blomkarse, kornblomst, tagetes mm så snart det ser ut til å bli frostfrie netter. Eg har ein liten vifteovn som eg bruker om det blir krise. Georginene som har overvintra i kjellaren skal også ut her og fordrivast litt. Alt i alt blei det ein fin hagedag til tross for ein klissblaut og kald avslutning.
Kjempegodt med det som er gjort🌸
-Mariann